Masfjordtunnelen mellom Førde og Bergen vart stengd

Tunnelen blei opna igjen etter ein halv time.

DEL

Masfjordtunnelen på E39 mellom Førde og Bergen vart stengd i ein periode måndag ettermiddag. Det melde Vegtrafikksentralen vest klokka 14.27 måndag.

Det skal ha vore eit dekk på eit vogntog som eksploderte, skriv avisa Nordhordland. Dette kravde bilberging.

Tunnelen vart opna igjen 14:50. Vogntoget står framleis tunnelen, i eit felt mot Bergen. Ifølge BA er det måndag ettermiddag lange køar på staden.

– Det er nok mykje trafikk som skal gjennom no. Det tar antakelegvis nærmare to timar til før tungbilberger er på plass, seier trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen, Morten Hansen til BA.


Artikkeltags