Bil med campingvogn fekk trøbbel i Masfjordtunnelen

DEL

Det melde Vegtrafikksentralen vest klokka 16.15 måndag ettermiddag.

Bilbergar var då på veg til staden.

Ifølge trafikkoperatør Katrina Kvåle ved Vegtrafikksentralen vest var det bilbergar som melde frå om problema i Masfjordtunnelen på E39, og som bad om at tunnelen blei stengd.

– Det skal vere snakk om ein Caravelle med ei campingvogn som har fått motorstopp. Den står litt stygt til i ein sving, seier Kvåle klokka 16.20.

Ho opplyste samtidig at det truleg ikkje ville ta lang tid før tunnelen var open igjen. Klokka 16.37 melde vegtrafikksentralen at tunnelen var open igjen.

Artikkeltags