Er rysta over at bilførar ikkje stoppa då MC-førar krasja på E39

Hendinga med motorsykkelen skjedde rett etter Lotetunnelen på Eid-sida.

Hendinga med motorsykkelen skjedde rett etter Lotetunnelen på Eid-sida. Foto:

EID: – Eg trur bilføraren må ha sett ulykka.

DEL

Vi gir deg alt om korleis valet påverkar deg - BERRE 5 kr for 5 veker

Torsdag kveld kom Jeanette Heimsæter og ei venninne køyrande på E39 på veg nordover gjennom Lotetunnelen, då dei plutseleg oppdaga at ein møtande bilist blinka iherdig med frontlysa.

– Eg trudde vi hadde fjernlysa på, og spurte venninna mi om det. Men det hadde vi ikkje. Berre nokre sekund etterpå såg vi plutseleg at det låg ein MC-førar midt i vegbana. Det var rett etter at vi hadde komme ut av tunnelen. Han låg med hovudet på midtstripa, og var tydeleg skada. Vi klarte så vidt å stoppe, og sprang ut for å hjelpe vedkommande. Medan vi sjølvsagt med ein gong ringde etter ambulanse. Og så lenge vi var på Eid-sida, visste vi at det ikkje ville ta lang tid før ambulansen kom, seier Heimsæter som då var mest oppteken av å hjelpe motorsyklisten.

– Det handla då først og fremst om å få roa ned MC-føraren, og det tok ikkje lang tid før ambulansen kom og dei kunne overta, seier Heimsæter.

Les saka: Motorsyklist velta.

Måtte ha sett

Først då tenkte ho på at den møtande bilisten som blinka så heftig med lysa, måtte ha sett ulykka. For motorsyklisten var med på same ferje over fjorden og var rett føre dei på E39.

– Det var først då ambulansen kom, at eg tenkte på det. Eg ringde straks 112 med tanke på at politiet i tilfelle kunne få stoppa denne føraren på ferja Lote-Anda. For viss vedkommande hadde sett ulykka og ikkje stoppa for å hjelpe, så burde politiet reagere på ei slik framferd. For det er sjølvsagt vår plikt å hjelpe viss nokon har vore ute for ei slik ulykke, seier Heimsæter då Firda kontaktar ho dagen etter ulykka.

Ho har ikkje fått noko tilbakemelding frå politiet om dei i tilfelle har fått tak i føraren, men ho ser også at dette kan vere ein førar som har vore usikker og redd for korleis dei skal hjelpe til.

– I og med at det gjekk berre nokre få sekund frå blinkinga til vi såg MC-føraren liggande midt på E39, så er eg rimeleg sikker på at bilisten må ha sett det same som oss. Men det kan godt hende at vedkommande var usikker på kva han skulle gjere, og difor valde å køyre vidare. Men det er kort og godt forkasteleg. Når du ringer 113, så vil du automatisk få hjelp av kompetente folk som vil vegleie deg i kva du skal gjere. Og det er ei plikt vi har som trafikantar, seier Heimsæter.

– Eg skal sjølvsagt ikkje påstå at eg er 100 prosent sikker på at vedkommande i denne bilen såg MC-føraren der han låg i vegen. Men det er mikroskopiske sjansar for at han ikkje gjorde det då det berre gjekk nokre få sekund til vi såg han. Og kvifor blinka han så heftig på oss viss det ikkje var noko spesielt. Og viss vedkommande trudde det var ein søppelsekk som låg der, så måtte det i tilfelle ha vore ein veldig stor sekk. Eg trur nok heller at det var ein førar som var usikker og som difor ikkje stoppa opp. Og det er viktig å understreke at uansett, så er det noko vi må gjere viss vi hamnar i ein slik situasjon, seier Heimsæter etter episoden som har gått sterkt innpå ho.

Ta ansvar

Ho har sjølv lang fartstid i Røde Kors hjelpekors, og har difor erfaring for korleis ein skal opptre ved slike ulykker.

– Men det handlar ikkje om det i denne saka. Kvar einskild av oss har eit ansvar som medtrafikantar for å hjelpe til. Og dei dyktige folka som tek telefonen når du ringer 113, vil vegleie deg veldig godt. Sjølv om du ikkje har vore borti tilsvarande tidlegare. Dessutan finst det mange førstehjelpskurs som folk bør kunne ta for å føle seg tryggare. For plutseleg kan kven som helst av oss stå oppi ei slik ulykke. Det verste vi kan gjere, er å ikkje stoppe opp. Eg er rysta viss det er tilfelle i denne situasjonen, seier Heimsæter.

Heimsæter la også ut opplevinga på Facebook etter ulykka. Dette er kva ho sjølv formidla:

I kveld kom eg og ei veninde som første bil ut av lotetunnelen til synet av ein motorsyklist liggande i vegbana. I den samanheng vil eg informere om to ting som eg håpar eg aldri meir kjem til å oppleve. Og dykk må gjerne spre det vidare!
Når vi nærma oss opninga i tunnelen blei vi møtt av ein bil som blinkar iherdig med lysa. Vi skjønar ikkje kvifor og eg spurte veninda mi om ho hadde fjernlysa på, noko ho ikkje hadde. Ute av tunnelen blei vi då møtt av våt mørk asfalt, med ein våt, mørk motorsyklist liggande i vegbana. Kledd i svart frå topp til tå. Heldigvis reagerte vi raskt og unngikk å køyre på han.
Som første på plass var eg med den forulykka, som heldigvis var ved bevissthet, fram til ambulanse og lege var på plass. Og når dei tok over gikk det opp for meg: den jævla bilen blinka for å varsle oss samtidig som han/ho/dei stakk av! Eg blei forbanna, ringte 112 og meldte frå, i håp om at bilen kanskje kunne oppdagast på ferga og det var ein mulighet for å få stilt vedkomande til ansvar. For det er absolutt INGEN ting som er viktigare enn å stanse når du ser ei ulykke! Og til alle eg kjenner som køyrer motorsykkel, eller moped for den del, ja til og med trøsykkel: bruk refleksvest, alltid!

Artikkeltags