Ungdom køyrde utfor vegen. Hadde ikkje lov å køyre bil

Ambulansepersonell oppdaga bilen som hadde køyrd utfor E39 i Jølster. Der møtte dei ein gut som er for ung til å køyre bil.

DEL

Guten er 15 år gammal.

– Ungdommen var åleine i bilen. Han var sterkt prega av hendinga, men tilsynelatande ikkje fysisk skadd, opplyser operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.

Køyrd heim til foreldra

Utforkøyringa skjedde ved Håheimsvatnet i Jølster, rett aust for Skei sentrum, laurdag kveld. Håheimsvatnet er eitt av dei små vatna som ligg mellom Skei og Klakegg.

Guten køyrde ein bil som tilhøyrer familien. Etter å ha blitt sjekka av ambulansepersonell, vart han køyrd heim til foreldra.

Guten er for ung til å ha førarkort.

Han var åleine i bilen. Det er ikkje mistanke om rus.

Politiet vil opprette sak på forholdet, seier Rebnord.

Utfor bratt skråning

– Vi har fått opplyst at bilen har køyrd utfor ei bratt skråning, og det trengst bilbergar. Ambulanse er på staden og er i kontakt med føraren, opplyste operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Terje Magnussen, til Firda litt før klokka halv ti laurdag kveld.

– Så bilen har ikkje køyrt i vatnet?

– Nei, ikkje ut frå det vi har fått opplyst, seier Magnussen.

Artikkeltags