Bilførar køyrde i grøfta på E39 i Votedalen

DEL

Ein bil med ein person i køyrde i natt i grøfta på E39 i Votedalen mellom Skei i Jølster og Byrkjelo i Gloppen, melder politiet på Twitter.

Ifølgje politiet rykte alle naudetatane ut til ulukka.

Bilføraren, som vart undersøkt av mannskap frå ambulansen som rykte ut, skal ha kome frå hendinga utan skadar.

Køyretyet fekk nokre skadar, men ulukka hindra ikkje trafikken på staden.

Artikkeltags