Bil har køyrt i steinmur på riksveg 5 i Jølster

KØYRTE I STEINMUR: Bilen (bak i bildet, ved sidan av ambulansen) fekk skrens og køyrde i ein steinmur på riksveg 5 i Kjøsnesfjorden torsdag morgon.

KØYRTE I STEINMUR: Bilen (bak i bildet, ved sidan av ambulansen) fekk skrens og køyrde i ein steinmur på riksveg 5 i Kjøsnesfjorden torsdag morgon. Foto:

Fekk skrens på sleipt føre.

DEL

Torsdag morgon melder politiet om eit trafikkuhell nær Bjørnabakktunnelen i Kjøsnesfjorden.

Ein bil har fått skrens på sleipt føre, og køyrt i steinmur. Det er ikkje meldt om personskade, melder politiet.

– Føraren hadde låg fart, men airbagen vart utløyst og bilen har fått litt skadar i front. Det ikkje noko lekkasje og trafikken går som normalt, seier operasjonsleiar, Terje Magnussen til Firda.

Klokka 09.20 var brannvesen og ambulanse på plass på staden.

KJØSNESFJORDEN: Uhellet skjedde på riksveg 5, nær Bjørnabakktunnelen i Kjøsnesfjroden i Jølster.

KJØSNESFJORDEN: Uhellet skjedde på riksveg 5, nær Bjørnabakktunnelen i Kjøsnesfjroden i Jølster. Foto:

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33 Send video

Artikkeltags