Denne tassen gøymde seg i siloen til Bjarne

GARDSUGLE: Denne ugla fann Bjarne Huseklepp sovande på gardstunet sitt. Kort tid etter gøymde den seg i siloen hans.

GARDSUGLE: Denne ugla fann Bjarne Huseklepp sovande på gardstunet sitt. Kort tid etter gøymde den seg i siloen hans. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FJALER: – Eg fann ut at det var ingen stad å vere for ei lita ugle, seier Bjarne Huseklepp, om den sovande ugla han fann på gardstunet sitt.

DEL

Kort tid før klokka to søndag ettermiddag, oppdaga Bjarne Huseklepp noko lite og loddent på bakken ved gropsiloen hans på garden i Guddalen.

Då han undersøkte nærare, oppdaga han at det var ei lita ugle.

– Den sat heilt i ro med augene att og sov. Eg kunne gå heilt opptil den og ta bilde, seier Huseklepp.

Til slutt vakna den vesle ugla, og såg då rett på Huseklepp. Men den heldt seg roleg, og var ikkje redd.

Etter å ha sett litt nærare på den, fann han ut at det var ein unge, og at den var for ung til å kunne flyge sjølv. Den verka uskadd, og til å vere i fin form.

Gøymde seg i siloen

Sjølv om det var eit artig møte med den vesle sjarmøren, tenkte Huseklepp at bakken på gardsplassen ikkje var noko stad å vere for ein ugleunge. Han tenkte at den kunne bli teken av hundar eller kattar, og bestemde seg for å hente ein hanske, slik at han kunne hjelpe ugla.

Men då han kom att med hansken, var det inga ugle der lenger. Etter litt leiting fann han ut at den lille ugla hadde spankulert inn i gropsiloen hans og gøymt seg.

– Det var ivertfall ikkje noko plass å vere for ei ugle, seier Huseklepp.

Han lurer på om ugleungen også kan ha vore på låven hans, før den forvilla seg ut på gardstunet. For på låven fann Huseklepp fleire døde mus. Han trur desse er drepne av mammaugla for å mate ungen.

Ugleskog like i nærleiken

Men kvar uglene i nærleiken stammar frå, er det liten tvil om i Huseklepp sitt hovud.

– Om lag 50 meter unna er det eit granfelt. Derifrå er det uglekonsert kvar natt, seier Huseklepp, som difor bestemde seg for å bere ugla opp dit.

Der sat han ugletassen på ei grein, slik at den kunne finne att til sine artsfrendar. Det er han viss på at den også vil gjere.

– Uglene kallar jo på ungane sine, seier han.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken