Fann Pus i ein container

REDD: Katten prøvde å gøyme seg i boset då han vart funnen.

REDD: Katten prøvde å gøyme seg i boset då han vart funnen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

GAULAR: – Ser ut til å ha vore fanga der i dagevis, seier Ove Myrmel, som fann katten.

DEL

Pus vart funnen kald, redd og utsliten i ein container på miljøstasjonen på Sande onsdag formiddag.

– Eg hadde akkurat opna stasjonen, og den første som kom hadde noko tungt møblement han skulle kaste. Han lempa ein stor kommode oppi containeren med eit høgt smell, og der smatt det brått ein lys levande katt ut av boset som låg på botnen av containeren, fortel operatør ved Sunnfjord Miljøverk, Ove Myrmel.

FELLE: – Når katten først var komen nedi her, kom han seg ikkje opp att. Veggene er 2,5 meter høge, seier Ove Myrmel.

FELLE: – Når katten først var komen nedi her, kom han seg ikkje opp att. Veggene er 2,5 meter høge, seier Ove Myrmel. Foto:

Stått i dagevis

Han trur katten må ha gått på kanten av containeren og så falle nedi, eller kanskje ha hoppa nedi etter det han trudde var noko etande.

– Så har han blitt ståande der, då, og hoppa og hoppa og prøvd å komme seg opp att. For meg ser det ut som han må ha stått der i dagevis, seier Myrmel.

Katten var våt, kald og såg fryktelig sliten ut. I byrjinga var han og veldig redd og prøvde å gøyme seg i boset, men etter kvart fekk Myrmel roa ned katten såpass at han fekk hand om han.

– Eg sette han inn i kontorbrakka, og der fekk han sitje og varme seg resten av dagen.

Om kvelden tok Myrmel han med seg heim til dyrepensjonatet han driv.

Ber om hjelp

– Når han då hadde fått varmen, og fått seg både mat og kvile, syner det seg jo at dette er ein rett så kjælen og omgjengeleg katt, som openbert har ein heim ein eller annan stad, seier Myrmel. 

KJÆLEN: No klatrar katten rundt i eit leiketre på Myrmel Dyrepensjonat.

KJÆLEN: No klatrar katten rundt i eit leiketre på Myrmel Dyrepensjonat. Foto:

No ber Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane om lesarane si hjelp til å få katten heim:

– Det er ein godt vaksen og ganske stor hannkatt, den er ikkje chippa og ikkje kastrert. Så lenge folk ikkje chippar kattane sine, er det ikkje så lett å finne eigaren. Så er problemet at det går ein del kattar rundt omkring, som har gått seg vekk, eller er blitt dumpa, seier Anne Johanne Bjordal, nestleiar i Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane.

– Dersom nokon dreg kjensel på katten, ber vi om at Dyrebeskyttelsen blir kontakta på vår hjelpetelefon, 913 15 217, seier Bjordal.

Artikkeltags