– Dette er rett og slett heilt grufullt!

DUMPA: Biletet er teke under overlevering frå turgåaren som fann kattungane og til Ove Myrmel. Den svarte kattungen såg ut til at den ikkje ville overleve natta.

DUMPA: Biletet er teke under overlevering frå turgåaren som fann kattungane og til Ove Myrmel. Den svarte kattungen såg ut til at den ikkje ville overleve natta. Foto:

FLORA: To kattungar blei torsdag kveld funne i ein plastpose som var knytt igjen, inne i ein container.

DEL

Ein tilfeldig forbipasserande fann kattungane då han torsdag kveld gjekk tur ved Storebru i Flora kommune.

– Han høyrde lyden av dei inne frå containeren og fekk redda dei ut. Det var nok ikkje snakk om mykje lenger tid inne i den posen før dei hadde omkomme, fortel leiar i Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane, Jannicke Nessestrand.

Turgåaren ringde vakttelefonen til dyrebeskyttelsen, men fekk ikkje svar. Då prøvde han å kontakte politiet, som sette han i kontakt med ein veterinær. Veterinæren råda han til å snakke med Dyrebeskyttelsen og tipsa om tidlegare leiar av Dyrebeskyttelsen SFJ, Ove Myrmel.

– Han som fann dei tok dei med seg til Myrmel, og der har Ove jobba med dei over natta og prøvd å gje dei varme og halde liv i dei, fortel Nessestrand.

Har fått ny mor

Den eine kattungen var svært medfaren då den blei funnen, og dei frykta lenge at den ikkje skulle greie seg gjennom natta.

– Heldigvis gjekk det greitt, og i dag tidleg fekk vi tak i ei kattemor hos ein av fôrvertane våre. Ho har no teke til seg desse to slik at dei får mat, så no kjem dei seg ganske raskt, fortel Nessestrand.

Dei trur at kattungane er omkring fire veker gamle. Nessestrand sluttar ikkje å la seg sjokkere over folk og kva dei gjer med dyra sine.

– Dette er heilt tragisk, heldigvis enda det godt, men det er berre flaks. Eg fattar ikkje kva som får folk til å hive frå seg dyra sine på denne måten.

Har ikkje nok kapasitet

Sommarhalvåret er desidert travlast for dyrebeskyttelsen, og berre den siste veka har dei fått inn elleve nye kattar.

– Vi har rett og slett ikkje kapasitet til alle, så no prioriterer vi kattungar. Ein katt legg gjerne to kull kattungar om sommaren, så det eskalerer så veldig når folk ikkje har kastrert dyra sine.

For dyrebeskyttelsen kostar ikkje andre sin latskap berre tid, men og veldig mykje pengar.

– Ein kan ikkje sjå ein katt på Facebook til 200 kroner og tenke at «Oj, den var billeg. Det har eg råd til» og så kjøpe den. Ein må vere klar over at det er kostnadar med både chipping, vaksinering og kastrering av katten. Alle kattane vi tek inn, må vi gjere denne jobben med før vi kan omplassere dei, og det vert enorme kostnadar for oss, men då veit vi i alle fall at vi slepp ein del fleire hendingar med uønskte kattungar, seier Nessestrand.

Vil politimelde saka

Nessestrand har jobba i dyrebeskyttelsen i to år, og blei leiar i mars i år. Ho har ikkje opplevd liknande saker sidan ho vart sett inn som leiar.

– Det hender at vi finn kattar forskjellige stadar. Til dømes på Norsk Gjenvinning, men denne episoden er ganske grov. Vi vil politimelde tilfellet, og har allereie fått ein del tips frå folk som trur dei veit kven sine kattungar dette er, dette vil vi overlevere til politiet. Men slike saker er veldig vanskelege, i høve til bevis.

Artikkeltags