No finn dyrebeskyttelsen kattar overalt

– Dette er ein eigarlaus katt, fanga i Eikefjord. Denne er no hos ein fôrvert, og er fødeklar, seier Bjordal.

– Dette er ein eigarlaus katt, fanga i Eikefjord. Denne er no hos ein fôrvert, og er fødeklar, seier Bjordal. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Det florerer med eigarlause kattar for tida. – Det er ute av kontroll, seier Anne-Jo Bjordal.

DEL

– No har vi over 70 kattar. Og det kjem stadig nye.

Det seier Anne-Jo Bjordal, styremedlem i Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane. Ho seier at kapasiteten deira no er sprengt, og oppfordrar katteeigarar til å kastrere kattane sine.

– Vi får inn daglege førespurnader om kattar som har dukka opp, og frå folk som vil bli kvitt kattane sine. Og dette er truleg berre toppen av isfjellet.

– Ta betalt for katten

Sommaren er nemleg høgsesong for katteungar, og det er ikkje alle som blir like glade når katten deira skal føde ti nye.

– Viss du ser på kjøp og sal-sidene på Facebook, så florerer det med folk som vil gi vekk katteungar. Så er det sikkert fleire som slår i hel katteungane også, eller lar naturen gå sin gang.

Bjordal meiner at dei som ikkje vil ha katteungar må kastrere katten sin, uansett kjønn.

– Ein ansvarsfull katteeigar kastrerer katten sin. Dersom vi får ned tal kattar i privatmarknaden, så blir det lettare for oss å ta inn dei som er eigarlause. No kjem det fleire enn vi får omplassert, seier ho.

Og for dei som vil gi vekk kattar, har Bjordal ei oppfor dring: ta ein symbolsk sum.

– Det er litt for å heve katten sin status, men det kan kanskje også luke vekk nokon dårlege eigarar.

Scanbar brikke

Bjordal meiner også at det kan vere lurt å chippe katten sin. Dette er ei lita brikke som veterinæren kan sette inn i nakken på katten.

– Då blir identiteten til katten registrert i eit system. Dersom vi scanner ein slik katt, får vi opp namn og adresse, og vi kan finne eigaren, seier ho, og legg til:

– Vi får til dømes inn kattar som har hoppa inn i ein bil og reist langt. Dersom slike kattar er chippa når vi får dei inn, løyser vi problemet med ein gong.

Artikkeltags