Den alle beste mjølka kjem frå Sogn og Fjordane

DEN BESTE MJØLKA: Kyr i Sogn og Fjordane er opphavet til mjølka med høgast kvalitet hos Tine i 2018. Foto: Bent Are Iversen
Statistikken over mjølkekvaliteten i 2018 er hyggeleg for Sogn og Fjordane. Ferske tal frå Tine viser at fylket har høgast kvalitet på mjølka i landet.
– Det viser at mjølkebøndene gjere mykje godt arbeid, seier Thorkild Heieren som er meierisjef på Byrkjelo.
Tala for Sogn og Fjordane ligg over gjennomsnittet i Tine, som kvart år måler kvaliteten for både ku- og geitemjølk. Sogn og Fjordane produserte i fjor 97,4 prosent elitemjølk frå ku og 96,4 prosent frå geit. Landssnittet ligg i same rekkefølge på 95,5 og 91,7 prosent.
På spørsmål om kvifor Sogn og Fjordane produserer så mykje elitemjølk, svarar Heieren:
– Tine har eit utbygd rådgivingsapparat som samarbeider godt med bøndene. Vi har òg forska mykje på mjølkeproduksjon i mange år. Det er godt arbeid i ein mannsalder som vi no ser resultata av. Til slutt er det enkeltbonden som går i fjøset kvar dag og god dyrevelferd som er avgjerande for at det går så bra som det gjer.
Mjølk blir fordelt i fire kvalitetsklassar. Dei to øvste, elitemjølk og førsteklassemjølk, går rett i drikkemjølk og osteproduksjon. Andreklassemjølk kan ende i for eksempel brunost, mens det som er av låg kvalitet, vil kunne bli dyrefôr eller hamne i eit deponi.
Betalar seg med kvalitet
I eit fylke med så høgt gjennomsnitt, er det likevel nokon stadar som skil seg ut. Vik og Balestrand produsentlag er best i fylket. I 2018 produserte dei heile 99,2 prosent elitemjølk for kumjølk. Heieren fortel at alle er vinnarar når ein produserer mjølk av øvste klasse.
– Det er jo mjølkebøndene som eig Tine. For dei er det viktig med kvalitet i alle ledd, og då er det spesielt viktig at råstoffet er godt nok. I tillegg får enkeltbonden betre betalt for å levere elitemjøl enn mjølk av lågare kvalitet. Vi ser at det hjelper utviklinga i riktig retning, seier han.