– Vi laga musikkvideoen for å syne kva vi driver med og kor koseleg vi har det med alle dyra, seier Martha Bjørvik Angedal.

Det er Angedal Gard bu- og avlastingstilbod som har stått for den spreke julevideoen.

Les også: Den beste julekalenderen er gratis

Ut av komfortsona

Songen vart spelt inn i Dan Mikal Ripe Frøystad sitt private studio og videoen er spelt inn på Angedal Gard.

– Vi har vore der oppe heile gjengen for å spele songen inn. Alle syng med og har det kjempe gøy, seier Angedal.

Ungdommane på garden har hjelpt til med song, dans og filming. Heile produksjonen har vore eit samarbeid mellom dei unge og personale.

– Folk bevegar seg ut av komfortsona si og har det veldig artig saman. Eg er veldig stolte av alle som har vore med, seier Angedal.

Les også: Julegåve på menyen og få oversikt over kor du kan få den rette julestemninga.

– Stas å vere med

Ideen bak songen kom frå Gry Ulltang – med god støtte frå resten av gjengen på Angedal Gard.

– Mange av dei er veldig flinke med dyra, og synest det er fint å syne dette fram. Ungdommane er veldig stolte av den ferdige musikkvideoen og dei synest det var stas å få vere med, seier Angedal.

Det har vore ein del arbeid med filmen, men dei er alle samde om at det har vore ei morosam reise.

– Det er koseleg at folk ser humoren i det. I tillegg til å ha det gøy, har vi også lært mykje, seier Angedal.

Ta turen til Nisseland med desse folka:

Møt Ivar Nesheim i Nisseland

Møt Ole John Berntsen i Nisseland 

Vise fram dyrelivet

Melodien til songen er henta frå den tradisjonelle julesongen Musevisa.

– Vi ønska å få med alle dyra og då var det den songen som passa best, seier Angedal.

For dei som ønsker å høyre meir av den sjølvlaga julesongen – er songen lagt inn på Spotify.

– Dyra er veldig vande med at vi styrer på slik vi gjer, seier Angedal.