Sjå kven som dukka opp i Sognefjorden

Dette blinkskotet tok Anders Tveito i Brendsdal i Hyllestad laurdag. – Så flaks som du kan få, seier fotografen.

Dette blinkskotet tok Anders Tveito i Brendsdal i Hyllestad laurdag. – Så flaks som du kan få, seier fotografen. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

– Nokre av dyra var nysgjerrige og kom heilt inntil båten med snuten, seier Anders Tveito i Hyllestad.

DEL

Det var eit spektakulært syn han fekk fredag og laurdag. Tveito jobbar med lakseoppdrett i Brendsdal, på nordsida av Sognefjorden.

– Vi såg flokken heilt tilfeldig, medan vi mata fisk på anlegget fredag, seier Tveito.

– Det var kollegaen min som såg ei fontene ute i fjorden. Då skjønte vi at det var spekkhoggarar. Det er veldig stilig når du ser dei i motlys. Det er veldig tydeleg.

Var på vakt

Fredag hadde han berre med seg mobilkamera, som ikkje er det heilt store. Difor tok han med seg speilreflekskameraet på jobb laurdag.

– Heilt mot slutten av dagen såg vi dei komme ut att fjorden. Det er så flaks som du kan få. Vi var jo litt på vakt. Det går fort når dei kjem symjande forbi, seier Tveito.

Det var vanskeleg å anslå kor mange dei var.

– Det var nok åtte-ti stykker.

Nysgjerrige dyr

Det er ikkje første gong Tveito ser spekkhoggarar i Sognefjorden.

– Eg såg ein flokk for nokre år sidan, men det er ikkje eit vanleg syn. Nokre av dyra var nysgjerrige og kom heilt inntil båten, seier fotografen.

Les også: Tok reve-selfie

Artikkeltags