Olav og Turid var på klesshopping med Erna Solberg: – Heilt absurd

MORO MØTE: Olav Øygard og kona Turid møtte Erna Solberg på klesbutikk i Frankrike. – I slike situasjonar trekker eg meg tilbake, eg vil ikkje lage noko oppstyr. Nokre sekund seinare oppdagar Turid også kven som står her. Turid slår ut armane og går i raske skritt mot vedkommande: «NEI ER DET DEG, ERNA! SÅ KJEKT Å MØTE DEG HER!», skriv Olav på Facebook.

MORO MØTE: Olav Øygard og kona Turid møtte Erna Solberg på klesbutikk i Frankrike. – I slike situasjonar trekker eg meg tilbake, eg vil ikkje lage noko oppstyr. Nokre sekund seinare oppdagar Turid også kven som står her. Turid slår ut armane og går i raske skritt mot vedkommande: «NEI ER DET DEG, ERNA! SÅ KJEKT Å MØTE DEG HER!», skriv Olav på Facebook. Foto:

DRAMMEN/FRANKRIKE: Olav og Turid var på teltferie i Frankrike, då dei plutseleg enda opp på shopping med Erna Solberg.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

– Det var heilt absurd, seier tidlegare Firda-fotograf og sunnfjording Olav Øygard.

Han og kona Turid Øyre Øygard var på sin årlege teltferie i Europa i sommar, då turen plutseleg fekk det han kallar eit uventa høgdepunkt. På ein klesbutikk i ein liten fransk by møtte dei statsminister Erna Solberg og hennar familie.

Først såg dei to ungdommar som prata norsk. Det var borna til Solberg og mannen. Deretter dukka det kjente fjeset frå Bergen opp, og Olav Øygard var ikkje i tvil.

– I slike situasjonar trekker eg meg tilbake, eg vil ikkje lage noko oppstyr. Nokre sekund seinare oppdagar Turid også kven som står her. Turid slår ut armane og går i raske skritt mot vedkommande: «NEI ER DET DEG, ERNA! SÅ KJEKT Å MØTE DEG HER!», skriv Olav på Facebook, der han skildrar det heile dagen etter valet.

Erna gjekk god for dressen

Den etterfølgande halvtimen gjekk med til at Olav Øygard, Solbergs mann Sindre Finnes, og borna deira prøvde klede som Erna Solberg og Turid Øygard plukka ut.

Øygard seier praten gjekk laust mellom statsministeren og kona hans. Sjølv heldt han seg meir i bakgrunnen på prøverommet.

– Turid strålar i slike situasjonar. Som tidlegare journalist og fotograf likar eg å ha veldig fri frå alt slikt, seier han og ler.

Men han fekk seg ny dress. Fargen kunne statsministeren gå god for: blå.

– Dressen var sabla fin, seier Øygard.

Tilsette trudde ikkje på det

– Etterpå prøvde eg og Turid å forklare til dei tilsette i butikken kva som nett hadde skjedd: dette var «Norges Macron». Dei skjønte ingenting. Sjølv om vi ikkje er kjempeflinke i fransk, var ikkje dette ein bodskap som nådde fram i det heile tatt, seier Øygard.

Han skryt av kor til stades og ujålete statsminister Solberg er, og meiner at ho står fram som eit godt menneske, uavhengig av kva politisk ståstad ein har.

– Fargen på dressen seier ikkje noko om min politiske ståstad, men eg må uansett gratulere vår statsminister med attvalet. Du er eit flott menneske, herleg uhøgtideleg og varm, skriv han i skildringa si på Facebook.

Han synest mediaoppstyret denne sommaren rundt bildet av Erna Solberg i kjeledress var ugreitt, men meiner det i alle fall kom noko positivt ut av det:

– Den massive responsen som gjekk på at ikkje utsjånad skal bety noko for kva oppgåver, funksjonar, verdiar og menneskesyn du har, hadde noko bra for seg. Solberg taklar slikt best av alle.

Artikkeltags