Sende nakenbilde av kona – må i fengsel

Artikkelen er over 2 år gammel

DOM: Ein sunnfjording i 50-åra sende nakenbilde av kona si til kjenningar. No er han dømd til fengsel.

DEL

Over ein periode på fleire år sende ein mann i 50-åra nakenbilde av si dåverande kone til seks Facebook-venner via Messenger. Kona hadde ikkje samtykka til det, og fleire av bilda vart også tatt utan at kvinna var klar over det.

Krenking

Sunnfjordingen tilstod gjerningane, og vart i Sogn og Fjordane tingrett dømd til fengsel i 45 dagar for skremmande og plagsam framferd.

Retten viser til at spreiing av nakenbilde utan samtykke inneber ei betydeleg integritetskrenking. Samt at uvissa kring vidare spreiing er ei stor belastning for den som blir ramma.

Må betale erstatning

I skjerpande retning viste retten til at mannen har utnytta tillitsforholdet i eit ekteskap, samt at handlingane har halde på over lang tid, og at bilda blei sendt til fleire personar.

I formildande retning la retten til grunn at mannen har erkjent forholdet og samtykka til tilståingsdom. Saka vart sendt til retten nesten eit år etter mannen hadde tilstått. Dermed blir den lange liggetida hos politiet også vektlagt i formildande retning.

I tillegg til fengsel må sunnfjordingen betale erstatning på 20.000 kroner til den fornærma kvinna. Mannen har erkjent erstatningskravet.

Artikkeltags