Dommar brukte Wikipedia som kjelde i alvorleg rettssak

Sorenskrivar i Sogn Tingrett, og rettens leiar i den aktuelle rettsaka, Harald Hjermann, synest ikkje at det er problematisk i bruke Wikipedia som kjelde i denne samanhengen.

Sorenskrivar i Sogn Tingrett, og rettens leiar i den aktuelle rettsaka, Harald Hjermann, synest ikkje at det er problematisk i bruke Wikipedia som kjelde i denne samanhengen. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

– Generelt oppfattar eg Wikipedia som eit ganske seriøst leksikon, seier dommaren.

DEL

Tidlegare i år vart ein mann i 20-åra dømd i Sogn tingrett for å ha hatt seksuell omgang med barn under 16 år. Mannen var i tillegg tiltalt, men frifunnen for, å ha brukt trugande åtferd for å skaffe seg sex med ei jente under 16 år.

Men for å definere «trugande åtferd» går det fram av dommen at retten har nytta Wikipedia som kjelde. For at det skal vere snakk om truande åtferd legg retten til grunn at det også må vere snakk om eit trugsmål, og det er her Wikipedia kjem inn.

Her har nemleg dommaren henta definisjonen frå det nettbaserte leksikonet, Wikipedia, der alle kan bidra til å redigere innhaldet. Dommaren legg så Wikipedia-definisjonen til grunn når det gjeld kva trugande åtferd omfattar.

Kristisk til Wikipedia som kjelde

Mannens forsvarar, Lene Knapstad, er generelt kritisk til at Wikipedia vert brukt som kjelde, og stiller seg undrande til bruken.

– Wikipedia er ei kjelde som kven som helst kan gå inn og redigere, og strafferettssaker er eit område der ein har eit strengt legalitetsprinsipp, seier Knapstad som ikkje har vore med på at ein har brukt Wikipedia i slike saker før.

– Men når innhaldet på Wikipedia – og i dommen her – juridisk sett er riktig, er det uproblematisk, legg ho til.

Ikkje vanleg praksis

Statsadvokat Jan Hol har heller ikkje vore med på bruk av Wikipedia som kjelde i rettsavgjersler.

– Det er ikkje vanleg. Det som er vanleg er å vise til juridiske lover og til høgsterettsavgjersler, seie Hol, men vil ikkje kommentere kva han meiner om bruken.

Dommaren synest Wikipedia er greitt

Rettens leiar i dommen og sorenskrivar i Sogn tingrett, Harald Hjermann, synest på si side at bruken av Wikipedia var passande i dette tilfellet. Han forklarar at lova sjølv ikkje har noko klar definisjon av truande åtferd eller trugsmål, og at retten difor var usikker på om det var snakk om trugande åtferd i saka.

– Eg kunne ha skrive at retten definerer ein trussel som, og så vidare, men i dette tilfellet synest eg definisjonen til Wikipedia var ganske passande.

– Synest du det er greitt å bruke Wikipedia som kjelde i rettsavgjersle?

– Ja, det synest eg er greitt. Generelt oppfattar eg Wikipedia som eit ganske seriøst leksikon. Det er sjeldan eg finn direkte feil der, svarar Hjermann.

– Forsvarleg bruk

Han synest ikkje det er nokon grunn til å reagere på dette, og trekk fram at eit søk i databasen Lovdata syner at det si rundt 20 dommar sidan 2005 og fram til i dag, har vore brukt Wikipedia som kjelde.

– Når det er spørsmål om eit alminneleg uttrykk som dette, synest eg det er forsvarleg å bruke Wikipedia.

Artikkeltags