Køyrde bil med 1,83 i promille. Må ut med 67.000 kroner

Artikkelen er over 1 år gammel

FYLKET: Ein mann i 20-åra er dømd til 24 dagars fengsel utan vilkår for promillekøyring.

DEL

Det var ein januardag i år at mannen vart stoppa tidleg ein morgon i Nordfjord.

Analyseresultatet av blodprøva viste at mannen hadde ein alkoholkonsentrasjon på 1,83 promille, ein time etter køyringa. På det tidspunktet var rusen fallande.

Mannen som er i 20-åra vart denne månaden dømd for å ha køyrd bil i rusa tilstand. Han må sone 24 dagar i fengsel og må også betale 67.000 kroner.  

Mannen mistar også retten til å føre motorvogn i to år. Etter dei to åra må han avlegge full ny førarprøve.

I skjerpande retning vert det vist til at køyringa fan stad på ein fylkesveg og at sikta var sterkt rusa. Det skjedde også ei utforkøyring med materielle skader. Dommen viser til at skadeomfanget lett kunne vore mykje større og meir alvorleg.

I formildande retning viste retten til at sikta tilstod forholdet.

Artikkeltags