Køyrde to mil i fylla - no må ho i fengsel

Artikkelen er over 2 år gammel

KRIM: Ei kvinne er dømt til 18 dagar i fengsel etter å ha køyrd frå Sogndal til Solvorn med 1.56 i promille.

DEL

Det går fram av dommen frå Sogn tingrett.

Hausten 2016 skal kvinna i 30-åra har køyrd frå Sogndal til Solvorn med promille. Køyringa skal ha vore på natta, og det var null grader, mørkt, ingen gatebelysning og glatte vegar.

Ho blei stoppa på morgonkvisten, og fekk målt promille på 1.56 på blodprøve. I dommen står følgande:

«Strekningen siktede har kjørt, fra Sogndal til Solvorn, er i følge Google Maps en strekning på ca 18 km. Det er langt».

Kvinna tilstod forholdet i retten, og det det blei ikkje opplyst om konkrete faresituasjonar i løp av køyreturen hennar. Påtalemyndheiten foreslo ein strafferabatt på 3 dagar mindre fengseltid på grunn av dette, totalt 18 dagar fengselsstraff.

Retten var einige i forslaget. Dommen kom då på 18 dagar i fengsel, 10.000 kroner i bot og tap av førarrett i to år. Kvinna må ny førarprøve for å få igjen førarkortet. Tida ho har vore utan førarkortet er trekt frå perioden.

Artikkeltags