Skulle «ta igjen» drikkeforspranget til kameratgjengen. Det enda med vald mot politiet og drukkenskapsarrest

Artikkelen er over 2 år gammel

DOM: No er han dømd til samfunsstraff.

DEL

Mannen i 20-åra skulle eigentleg vere sjåfør på eit vorspiel, men vart friteken frå køyringa av ein kamerat. Då fann han fram eit par øl og ei flaske cognac og skulle «ta igjen» forspranget dei andre venene hans hadde. No er han dømd til 45 timar samfunnsstraff i Fjordane tingrett, for utagerande og aggressiv oppførsel, blant anna spark mot to politimenn.

Ølen og 2/3 av cognacflaska gjekk ned på 1,5 time. Den dømde mannen hugsar difor berre delar av denne natta, og hugsar ingenting av hendingane som gjorde at han vart arrestert av politiet.

Hugsar nesten ingenting

Det siste han hugsar, er å bli køyrt til sentrum.

Ei dørvakt på ein utestad, som også seinare vitna i saka, fekk beskjed frå fleire gjester om ein utagerande og aggressiv person på dansegolvet. Dette var tiltalte, som nekta å forlate lokalet, og oppførte seg utagerande. Han måtte leggast i bakken, og vart ført ut av utestaden.

Trass i dette prøvde han fleire gonger å komme seg inn att. Han kalla også dørvakta med fleire skjellsord, og vart opplevd som aggressiv. Same oppførsel viste han ved ein nærliggande bowlinghall, der han også vart nekta inngang.

Sparka etter politiet

Etter hendingane på den første utestaden, vart ein politipatrulje send til staden. Dei møtte raskt på tiltalte, der han krangla med vaktene på ein tredje utestad. Politiet gav han raskt eit pålegg om å forlate sentrum, noko han sa seg samd i, og ein ven skulle då køyre han vekk frå sentrum.

Patruljen møtte likevel raskt på mannen på ny. Eit nytt pålegg om å forlate sentrum vart gitt, men tiltalte gøymde bilnøklane til kameraten som skulle køyre han vekk.

Då patruljen skulle sette mannen i drukkenskapsarrest, sette han seg fysisk til motverje. Det oppstod då det politiet i retten omtalar som ein regulær slåstkamp, og tiltalte sparka fleire gonger mot beina til tenestemennene, då han skulle bli ført inn i politibilen.

Under kampen ropte han også at politimennene skulle drepast, og kalla dei ukvemsord.

Lang ventetid

I drukkenskapsarresten synte ein alkometertest ein promille på 1,36. Den no dømde mannen hugsar berre brotstykke frå kvelden og natta, men har festa lit til vitna og politiets forklaring. Han har også tilstått.

Retten finn ingen tvil om at tiltalte er skuldig i tiltalen, men ei samla behandlingstid av saka på eitt år og tre månader, trass i at tiltalte tilstod allereie dagen etter lovbrotet, gjer at straffeutmålinga blir redusert.

Det vert også lagt vekt på at tiltalte har vist stor anger etter episoden, ein anger som retten opplever som rettvis.

Dommen blir av Fjordane tingrett sett til 45 timar samfunnsstraff, med ei subsidiær fengselsstraff på 21 dagar.

Artikkeltags