Rusa mann skal ha hindra trafikken – truga politiet då dei ville fjerne han

No må mannen møte i Sogn og Fjordane tingrett.

DEL

Ein mann i 30-åra må møte i retten etter å ha truga politiet på sommaren i 2017.

Mannen, som var rusa, hindra trafikken då han gjekk midt i vegbana i ei gate på Eid. Politipatruljen som kom til staden forsøkte å fjerne mannen og be om personalia. Då skal mannen ha begynt å truge politibetjenten med at han skulle drepe han.

Den tiltalte skal også ha sparka politibetjenten i ansiktet og har hindra politiet i tenestehandlinga.

No må mannen møte i Sogn og Fjordane tingrett 18. desember. Han står tiltalt for vald og truslar mot offentleg tenestemann.

Artikkeltags