Køyrde med promille midt på dagen – det kosta 105.000 kroner

Artikkelen er over 2 år gammel

DOM: Ein mann i slutten av 50-åra frå Nordfjord må greie seg utan lappen i eitt år, i tillegg til ei sviande bot.

DEL

Ein køyretur i Nordfjordeid i fjor, med ein promille målt til 0,6, vart kostbar for mannen som no er dømd i Sogn og Fjordane tingrett.

Mannen, som ikkje tidlegare er domfelt, tilstod forholda i retten.

Han misser no retten til å køyre bil i 12 månader, samt at han må betale ei bot fastsett til 105.000 kroner etter inntekta hans. Det at han tilstod gav han også ein reduksjon i botssummen.

I tillegg må han også sone 16 dagar i fengsel, dersom han gjer nye lovbrot innan ei prøvetid på to år.

Artikkeltags