Gå til sidens hovedinnhold

Truleg ei fallulykke

Artikkelen er over 4 år gammel

SOGN: Det var Fredrik Mikal Hjelmeland Rygg (38) frå Førde som vart funnen omkommen i ulendt terreng.

– Han vart funnen i veldig ulendt terreng. Vi ser føre oss at det var ei fallulykke, seier Stine Marie Vårdal i politiet.

Tysdag kveld vart det stadfesta at ein person var funnen omkommen i fjellet i nærleiken av Tverrelvi nedanfor Melsnipa i Fjærland. Politiet har no gått ut med at den omkomne er Fredrik Mikal Hjelmeland Rygg (38) frå Førde.

Han vart funnen i åttetida etter ein leiteaksjon som starta tysdag. Rygg vart meldt sakna då ingen høyrde frå han etter ein tur i fjellområdet mellom Fjærland og Balestrand på laurdag.

Han er rutinemessig send til obduksjon, og politiet vil halde fram med vitneavhøyr for å få eit betre bilde av kva som har hendt. Rygg skal ha vore åleine i fjellet då han omkom.

Ifølge politiet skal det ikkje ha gått ras i området.

Les også

Fann sakna mann omkommen

Søkte med helikopter

Leiteaksjonen vart sett i gang i området Melsnipa i Balestrand tysdag ettermiddag. Då var det også funne ein bil som skal ha vore Rygg sin.

– Vi har hatt eit Sea King-helikopter i området, for å vurdere eventuell rasfare. Dette med tanke på å vere sikker på vi ikkje utsette andre for fare, sa operasjonsleiar Olaug Holme ved Vest Politidistrikt til Firda då leiteaksjonen var i startfasen.

Sea King-helikopteret skal ha søkt eit par rundar i området, og returnert til utgangsstaden. Dette var ved Jordal i Fjærland, der politiet og frivillige var samla. Ifølgje Firda sin person på staden var der ein god del frivillige som samla seg på parkeringsplassen.