Klokka tolv i dag: 600.000 føter dansa samtidig i Norge

Artikkelen er over 4 år gammel

Nesten 400 av dei føtene var på plass i gymsalen på Sunde skule, klar til vere med på BlimE-dansen.

DEL

Om du var nær ein barneskule eller barnehage klokka tolv i føremiddag, og følte at det rista litt i bakken, så kan du ta det heilt med ro.

Då var det berre etterdønningane frå nokon av dei tre hundre tusen skuleelevane som hoppa og spratt samtidig rundtom i Norge under BlimE-dansen.

Sånn passe god

– Det var knallgøy! Det er kjekt å danse med så mange folk, fortel Gina E. Rivedal (11).

Ho går i 7. klasse ved Sunde skule i Førde, der ho og om lag 190 elevar rista laus i dag. Ifølge NRK Super, som står bak initiativet, er årets dansefest kanskje ny verdsrekord i fellesdans. I fjor deltok nærmare 185.000 born i dansen, og i år blei det altså ny rekord, der også mange skular og barnehagar i fylket deltok i dansefesten.

– Eg går på dansing til vanleg, så eg er sånn passe god til å danse, fortel Gina.

– Eg er sånn passe eg og, og eg synast det var kjempegøy å danse i dag, seier klassevenninne Kristine Sunde (12).

Sjølv om det såg trongt ut med eit par hundre dansarar i den vesle gymsalen, så hadde dei ikkje problem med å fullføre bevegelsane. I bakhand hadde dei både rumpe- og kyllingdans om det skulle bli lite boltreplass.

Betre enn lærarane

Kristine fortel at dei har brukt dei siste vekene til å lære seg dansen.

– Vi har øvd i musikktimane. Så har vi ei dansegruppe på skulen, medan noko også øver i friminutta.

– Og vi elevar er betre enn lærarane, skyt Gina inn.

– Er det sånn at ein blir dårlegare å danse når ein blir vaksen?

– Ja, eller nei, for det er mange berømte dansarar som er vaksne, men du må lære det når du er liten, for då huskar du betre, seier Kristine.

Ein annan driven dansar er Endre Apalseth (12), som meiner at dansing ikkje berre er ei jentegreie.

– Det er like mange gutar som jenter som dansar, seier han bestemt.

For vennskap, mot mobbing

I tillegg til å stimulere til aktivitet er bodskapet til BlimE-dansen at ein skal vere venner og unngå mobbing. Eit bodskap elevane hadde fått med seg.

– Alle saman må vere vener og bry seg om kvarandre!

– Er alle vener her på Sunde?

– Ja! kjem det i kor.

– Korleis var det å vite at de «dansa i lag med heile Norge» i dag då?

– Det synast eg er veldig bra, for det viser at vi kan gjere noko i lag, seier Gina.

Ei anna som set pris på dansen er Veronica Huus. Ho er assistent ved skulen og har hatt ansvar for at elevane skulle lære seg dansen før den store dagen i dag.

– Vi har jobba jamt og trutt i eit par månadar, og det har gått greitt. Det er jo ein danseglad skule dette.

F.v.: Danseløvene Endre Apalseth, Kristine Sunde og Gina E. Rivedal, som går i sjuandeklasse på Sunde skule.

F.v.: Danseløvene Endre Apalseth, Kristine Sunde og Gina E. Rivedal, som går i sjuandeklasse på Sunde skule. Foto:

Artikkeltags