Held fram søket med miniubåt i Dalsfjorden

BRUKER MINIUBÅT: Søndag er andre dagen politiet bruker ein ROV-ubåt i søket etter den sakna mannen i Dalsfjorden.

BRUKER MINIUBÅT: Søndag er andre dagen politiet bruker ein ROV-ubåt i søket etter den sakna mannen i Dalsfjorden. Foto:

Politiet held fram med å bruke miniubåten på søndag i søket etter den sakna mannen som torsdag fall frå ein båt og forsvann i Dalsfjorden.

DEL

Fredag henta politiet inn ein ROV-ubåt (Remotely Operated Vehicle), som er ein fjernstyrt undervassubåt. Fartøyet blei brukt for første gong under søket som gjekk føre seg på laurdag.

– Politiet fann ingenting med miniubåten under søket på laurdag, men dei har starta opp att søket søndag klokka 08, og ROV-ubåten kjem til å bli brukt i dag også, opplyser innsatsleiar for politiet Øystein Russenes.

Stort tal frivillige

I tillegg til å bruke miniubåten vil det framleis bli brukt vanlege båtar i søket.

– Det er tolv båtar med i søket. Ni av dei er på sjøen, medan tre av dei hjelper til med strandsøk, fortel Russenes.

Han opplyser at det har komme eit stort tal frivillige frå Leikanger for å hjelpe til i søket etter den sakna mannen.

– Det er omtrent 40 frivillige som vil hjelpe til i søket. Desse blir organisert av brannvesenet, seier han.

Målretta plan for søkeområdet

– Vi har ein målretta plan for søkeområdet, og vi kjem til å fortsette ut ifrå den planen, seier Russenes, som legg til at dei vil halde på med søket både på land og på sjøen framover.

Søket vil halde fram heile dagen, fram til det blir mørkt.

Artikkeltags