Søker med miniubåt i dag. Skal avgjere vidare søk i løpet av kvelden

ROSAR ARBEIDET: Lensmann ved Førde og Naustdal lensmannskontor, Dag Fiske, seier at mannskap og frivillige har gjort ein fantastisk innsats under leiteaksjonen i Dalsfjorden.

ROSAR ARBEIDET: Lensmann ved Førde og Naustdal lensmannskontor, Dag Fiske, seier at mannskap og frivillige har gjort ein fantastisk innsats under leiteaksjonen i Dalsfjorden. Foto:

Lensmann Dag Fiske var onsdag i Dale for å snakke med mannskap, frivillige og kommune i samband med den store leiteaksjonen som går føre seg.

DEL

– Undervassfartøyet som har saumfare delar av søkeområdet siste tida har hatt ein liten pause i samband med byte av mannskap, men dei startar opp at søket i 14- tida onsdag. Dei vil søke fram til det mørknar, seier Dag Fiske, lensmann i Førde og Naustdal.

Om dette søket vil bli vidareført frå torsdag av er førebels uklart.

– Det vil bli teke ei avgjerd på det i løpet av kvelden. Vi vil snakke med fagfolk, og høyre på råda dei gir oss. Vi må vurdere ressursar, kostnader og søkeområdet, seier Fiske.

Politiet har henta inn opplysningar frå både lokalkjende og frå Havforskingsinstituttet for å analysere straumforholda i området.

Det har vore leita etter ein 46-åring sidan han fall ut av båten torsdag førre veke. Han er framleis ikkje funnen.

Rosar frivillige

– Det har vore og er framleis ein imponerande innsats av frivillige i denne leiteaksjonen. Dei gjer ein fantastisk viktig jobb, seier Fiske.

Han var onsdag i Dale for å snakke med både mannskap, frivillige og kommune, og rosa arbeidet som har vorte og blir gjort.

– Det har vore lagt ned ein utruleg innsats i denne aksjonen, seier Fiske.

Snart ei veke

Leiteaksjonen har halde på i snart ei veke. ROV-ubåten starta leitinga fredag, og held fram ut onsdag kveld.

– Det er eit veldig, veldig avgrensa område den søker i. Den søker veldig grundig, og dekker heile havbotnen i det bestemte området, sa innsatsleiar Øystein Russenes til Firda måndag.

Miniubåten dekker med andre ord eit mindre område i Dalsfjorden. Dei frivillige dekker eit lang større.

– Dei frivillige gjer strandsøk på begge sider av fjorden, langs øya og holmen. Det er snakk om eit betydeleg område rundt ulykkesstaden, sa Russenes.

Artikkeltags