Fekk øydelagt garasjen av stormen

FEKK JULING: Slik såg garasjeporten til David Zadig og familien ut etter ekstremvêret Urd.

FEKK JULING: Slik såg garasjeporten til David Zadig og familien ut etter ekstremvêret Urd. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FJALER: David Zadig og sonen prøvde å redde garasjeporten, men innsåg fort at det var håplaust.

DEL

– Det var ein skremmande storm.

Det seier David Zadig i Dale, som fekk stor skade på garasjen sin av stormen Urd. Han og familien var på eit julebesøk hos slektningar på kvelden 2. juledag.

Men då dei kom tilbake, oppdaga Zadig at den eine garasjeporten var i ferd med å gi etter for vinden. Han og sonen prøvde å redde den, men måtte gi opp. Dei prøvde deretter å redde den andre garasjeporten, men Zadig veit i skrivande stund ikkje korleis det gjekk med den.

– Neste gong det er slikt uvêr skal eg gjere noko annleis, kanskje la garasjeportane stå opne, seier han.

I tillegg til skade på garasjen, miste familien 15 taksteinar frå både hus og garasje. Zadig seier også at fotballmåla på den nærmaste leikeplassen har blitt tatt av vinden og kasta langt bortover.

– Det var skikkeleg ille i Dale i går. Eg har aldri sett ein verre storm gjennom dei 15 åra eg har budd her. Eg kan berre tenke meg kor ille det må ha vore i Askvoll og andre stader lenger ut mot kysten, seier Zadig, som kjem frå Boston i USA.

Artikkeltags