Slik kan dei nye reglane for cruiseskipa bli

Reglane skal berre gjelde i Vestnorsk fjordlandskap, det vil seie Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden og Tafjorden, Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden.

Reglane skal berre gjelde i Vestnorsk fjordlandskap, det vil seie Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden og Tafjorden, Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Sjøfartsdirektoratet vil forby alt utslepp av kloakk frå ferjer og skip i verdsarvfjordane frå neste år.

DEL

Krav om bruk av reint drivstoff, avstenging av eksosvaskesystem ved kai og lågare SOx- og NOx-utslepp frå cruiseskipa skal dessutan gi mindre røyk og reinare fjordluft.

Krava til NOx-utslepp skal strammast gradvis inn i 2020, 2022 og 2025, og cruiseskipa må frå 1. januar 2019 ha ein eigen miljøinstruks som mellom anna oppgir kva NOx-utslepp skipet skal ha, og kva drivstofftype og reinsesystem som skal nyttast.

Reglane skal berre gjelde i Vestnorsk fjordlandskap, det vil seie Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden og Tafjorden, Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden, går det fram av framlegget til nye miljøreglar for skips- og cruisetrafikken i verdsarvområdet på Vestlandet. Direktoratet sende dei nye reglane ut på høyring måndag.

– Den store og aukande cruisetrafikken i verdsarvfjordane gir mykje forureining både til luft og sjø. Det er òg avdekt periodar med helseskadeleg luft i områda. Det er derfor viktig med lokale tiltak som kan setjast i verk raskt for å redusere helse- og miljøbelastninga og halde oppe den viktige verdsarvstatusen, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) om dei nye reglane.

Saka held fram under faktaboksen.

Dei viktigaste regelforslaga i verdsarvfjordane:

  • Forbod mot kloakkutslepp frå skip over 400 bruttotonn eller som er sertifiserte for meir enn 15 personar. Rom for tidsavgrensa dispensasjon for lokaltrafikken fram til 2024.
  • Skip over 2.500 bruttotonn eller som er sertifiserte for meir enn 100 personar, får òg forbod mot å sleppe ut gråvatn, det vil seie vaskevatn frå oppvask, handvaskar, dusjar, vaskeri og liknande.
  • Nye krav til svovelinnhald i drivstoff og reinsing av svovelinnhald i utslepp.
  • Nye reglar for bruk av eksosvaskesystem skal gi mindre damp, utslepp av svoveloksid og klarare luft.
  • Gradvis strengare krav til NOx-utslepp i 2020, 2022 og 2025.
  •  Krav om miljøinstruks for skip over 10.000 bruttotonn.

Kloakk- og vaskevatn-forbod

Dei nye reglane set bom for utslepp av kloakk frå både ferjer og fjordcruisebåtar og for større fartøy også utslepp av vaskevatn alt frå kommande årsskifte. For ferjer og etablerte fjordcruiesbåtar blir det likevel høve til å søkje Sjøfartsdirektoratet om dispensasjon for ein avgrensa periode.

Konsulentselskapet Menon Economics meinte i ein samfunnsøkonomisk analyse laga for Sjøfartsdirektoratet at kostnaden ved å installere septikkanlegg i ferjer og lokalbåtar og mottaksanlegg på land i verdsarvfjordane kan koste over 60 millionar kroner.

Fartsgrenser for skipstrafikken i verdsarvfjordane er ikkje med i framlegget, sjølv om det åleine kunne redusert utsleppa i verdsarvfjordane med 10–20 prosent, ifølgje overslag som konsulentselskapet DNV GL har gjort for Sjøfartsdirektoratet.

– Stort steg framover

Avdelingsdirektør Bjørn Pedersen i Sjøfartsdirektoratet seier at det foreslåtte regelverket ikkje gir nullutslepp i verdsarvfjordane, men at det er eit stort seg framover. Det er òg lagt inn godt rom for at både nærskipsflåten, cruiseselskapa og dei lokale styresmaktene skal få høve til å tilpasse seg krava.

– Når vi no legg inn strenge krav til forureining, så må vi samtidig ta høgde for at det trengst noko tid for næringa til å innrette seg. Eg trur vi har funne ein god balanse her mellom innføring av nye krav og innfasingsperiode for dei som allereie driv verksemd i desse fjordane, seier Pedersen.

Høyringsfristen for framlegget er sett til 14. september.

Artikkeltags