Verdsarvrådet helsar strengare miljøkrav velkommen

NATURSKJØNT: Nærøyfjorden står på UNESCOS verdasarvliste.

NATURSKJØNT: Nærøyfjorden står på UNESCOS verdasarvliste. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

TURISME: Neste år blir det strengare krav til skip som seglar i verdsarvfjordane på Vestlandet. Rådet for Vestnorsk fjordlandskap meiner regelendringa er ein merkedag for forvaltninga av verdsarvområdet.

DEL

Det er Sjøfartsdirektoratet som har foreslått endring i reglane for ferdsel i verdsarvfjordane. I 2016 fekk direktoratet i oppdrag av Klima- og miljødepartementet å kartleggja utslepp frå cruisetrafikken til norske fjordar.

Kartlegginga viste at det er behov for endringar i reguleringane av utslepp til luft og sjø i verdsarvfjordane. Derfor blei forslaget om ei særskilt regulering i desse områda sendt på høyring.

– Det er heilt naudsynt med ei strengare regulering av verdsarvfjordane for å få bukt med forureininga, særreglar er difor høgst naudsynt for å sikre verdsarvstatusen, folkehelsa til lokalbefolkninga og ei berekraftig utvikling av lokalsamfunna og lokalt næringsliv kring desse verdskjende fjordane, skriv verdsarvrådet i ei høyringsutsegn.

Fryktar for statusendring utan reglar

Vestnorsk fjordlandskap representert ved Geirangerfjorden og Nærøyfjorden med omland blei i 2005 innskriven på Unesco-lista over verdas natur- og kulturarv. Verdsarvrådet fryktar denne statusen er truga utan særreglar for fjordlandskapet.

– Etter endå ein sommar med blårøyk og store nasjonale medieoppslag i saka, er vi på overtid med å innføra ei innskjerping av regelverket for verdsarvfjordane. Vi set all vår lit til at Sjøfartsdirektoratet ryddar opp i forureininga ein gong for alle, seier leiar Arne Sandnes i Verdsarvrådet i ei pressemelding.

Aurora (19) frå Sandane fekk 10.000 dollar i stipend til å reise på ekspedisjon til Arktis 

Verdsarvrådet kjem med fleire forslag i høyringsutsegna. Mellom anna meiner rådet at Sjøfartsdirektoratet bør forby tungolje som drivstoff i verdsarvfjordane frå neste år.

– Sjøfartsdirektoratet bør også vurdera å innføra forbod mot å ha tungolje i tankane under segling og opphald i verdsarvfjordane, eventuelt ei gradvis innskjerping fram mot 2025, heiter det i utsegna.

Støttar NOx-krav – saknar krav for synleg forureining

I høyringsnotatet peikar Sjøfartsdirektoratet på krava til NOx-utslepp som det mest ambisiøse og krevjande i framlegget. Kravet er tenkt som ei gradvis innskjerping for å gi næringa tid til å omstilla. Dette støttar Verdsarvrådet.

Verdsarvrådet meiner dessutan at Sjøfartsdirektoratet bør regulera synleg røyk frå skipsfarten. Røyken er eit omdømeproblem både for cruisenæringa og for reisemåla som skipsfarten besøkjer, meiner rådet.

Det peikar på at visuell forureining er i strid med kriteria til verdsarvstatusen frå Unesco.

– Det kviler difor eit særleg ansvar på nasjonale, regionale og lokale forvaltningsmynde å syte for at verdsarvinskripsjonen «held vatn», skriv rådet.

Avdelingsdirektør Bjørn Pedersen i Sjøfartsdirektoratet har tidlegare sagt at det føreslådde regelverket ikkje gir nullutslepp i verdsarvfjordane, men at det er eit stort steg framover. Det er òg lagt inn godt rom for at både nærskipsflåten, cruiseselskapa og dei lokale styresmaktene skal få høve til å tilpasse seg krava.

Dei viktigaste regelforslaga i verdsarvfjordane:

  • Forbod mot kloakkutslepp frå skip over 400 bruttotonn eller som er sertifiserte for meir enn 15 personar. Rom for tidsavgrensa dispensasjon for lokaltrafikken fram til 2024.
  • Skip over 2.500 bruttotonn eller som er sertifiserte for meir enn 100 personar, får også forbod mot å sleppe ut gråvatn, det vil seia vaskevatn frå oppvask, handvaskar, dusjar, vaskeri og liknande.
  • Nye krav til svovelinnhald i drivstoff og reinsing av svovelinnhald i utslepp.
  • Nye reglar for bruk av eksosvaskesystem skal gi mindre damp, utslepp av svoveloksid og klarare luft.
  • Gradvis strengare krav til NOx-utslepp i 2020, 2022 og 2025.
  • Krav om miljøinstruks for skip over 10.000 bruttotonn.

Artikkeltags