Naustdal Dampbakeri må nedbemanne etter Coop-kutt

Artikkelen er over 3 år gammel

– Dette er ein drastisk reduksjon av dagens avtale, seier dagleg leiar i Naustdal Dampbakeri, Martin Berntsen.

DEL

Coop Vest har inngått ny leveringsavtale med Naustdal Dampbakeri AS.

Naustdal Dampbakeri AS leverer i dag brød og andre ferske bakevarer til Coop Vest sine butikkar i Sunnfjord og Ytre Sogn samt delar av Nordfjord.

Drastisk reduksjon

Etter den nye avtalen skal Naustdal Dampbakeri AS levere brød og ferske bakevarer til butikkane Coop Extra Førde, Coop Extra Førdegården, Coop Extra Naustdal, Coop Extra Florø og Mega Førde. Leveransen har eit omfang tilsvarande 50 prosent av butikkane sitt sal av brød og ferske bakevarer. Den nye avtalen er såleis ein drastisk reduksjon av dagens avtale, melder Naustdal Dampakeri AS i ei pressemelding.

«Vi er glade for at vi har klart å få ein leveringsavtale med Coop Vest, men skulle gjerne sett at vi hadde fått levere ein større del av totalvolumet, og til eit større geografisk område enn vi no gjer. Dette vil få store ringverknader for verksemda, og vil føre til nedbemanning når avtalen trer i kraft 1. juni 2017. Leiinga vil fortsette arbeidet med å finne alternative salskanalar, enten frå eigne utsal eller andre kjedar, for å sikre flest mogelege arbeidsplassar», seier dagleg leiar Martin Berntsen.

Artikkeltags