Ein tipsar sende inn bilde frå ein SMS som han mistenker er svindel.
«Gratulerer! Du er valt for å ta imot våre helt nye Coop-tilbod», står det mellom anna, etterfølgt av ei lenke.
– Eg opnar aldri slike lenker, men det gjer mange andre, seier tipsaren, som ikkje ønsker namnet sitt på trykk.
Inne i svindelperiode
Kommunikasjonssjef Harald Kristiansen i Coop er sikker på at dette er svindel.
– Vi er dessverre veldig plaga av falske e-postar og SMS-ar om dagen. Det har vi og andre store selskap vore i fleire år, men det går i bølger. Akkurat no er vi inne i ei periode med ekstremt mange tilbakemeldingar frå kundar som har blitt forsøkt lurt via e-post eller SMS, seier kommunikasjonssjef Harald Kristiansen i Coop.
Han oppfordrar alle som får slike meldingar om å sende dei til Coop, slik at dei kan spore opp bakmennene. Kristiansen seier Coop i svært lita grad kommuniserer med medlemmane via SMS, og at det berre skjer til medlemmar som har gitt samtykke til det.
– Vi kommuniserer mykje gjennom medlemsappen vår, seier han.
– Folk er meir på alerten enn før
Svindelmeldingar har blitt dagleg kost for mange store bedrifter dei siste åra. Kristiansen seier at dei fleste heldigvis ikkje bit på.
– Det har vore mykje fokus på svindel, så varsellampene ringer fortare hos folk no enn før. Men likevel er slike meldingar med å svekke tilliten til informasjonen vi sender ut. Coop er eigd av kundane og er heilt avhengig av deira tillit i kommunikasjonen rundt medlemsfordelane, seier Kristiansen.
Kristiansen kjem med tre teikn på at noko truleg er svindel:
- Avsendaren sin e-postadresse kjem ikkje frå firmaet som dei hevdar er avsendar. Ofte kjem e-posten frå merkelege adresser.
- E-posten inneheld rettskrivingsfeil. Ofte inneheld spammeldinga skrivefeil eller merkelege ord og formuleringar som kan tyde på at det er brukt Google Translate.
- Verkar tilbodet for godt til å vere sant, er det ofte det. Dei fleste spammeldingar vi ser går på gratis gåvekort eller at ein har vunne ein konkurranse ein aldri har deltatt i.
Amalie (18) og Tilie (17) blei svindla for Eminem-billettar. Så fekk dei ei kjempeoverrasking

Coop åtvarar mot epostsvindel