Campingvognvraket ditt er verdt 3000 kr

VRAKPANT: No har du ein god grunn til å kvitte deg med vogna di

VRAKPANT: No har du ein god grunn til å kvitte deg med vogna di Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Så langt er det berre tretten eigarar som har vraka vogna si hos Norsk Gjenvinning på Øyrane i år.

DEL

Ved årsskiftet vart det innført vrakpant på campingvogner. No får du 3000 kroner for vogna din.

– Vi har teke imot om lag to campingvogner i månaden i snitt, tretten til saman, seier May Linn Honningsvåg, ved Norsk Gjenvinning i Førde.

Løyser eit miljøproblem

– Tidlegare vart alt for mange skroteferdige campingvogner stua vekk eller parkerte på ein uforsvarleg måte. Behovet for å innføre vrakpant har vore stort, og no ser vi at den nye ordninga verker, seier Bengt Heggertveit, konsernsjef i Ferda i ei pressemelding.

Fram til september i år har 3775 vagnar blitt vraka i Norge. Blant dei snautt 120 000 registrerte vognene i landet, er det nok enno fleire som er modne for ei miljøvennleg avslutning på campinglivet. 

Høge mørketal

– I tillegg er det nok mange vogner som for lengst er avregistrert og ute av bruk, men status for desse er uviss. Først med vrakpantordninga får vi eit klarare bilde, seier Heggertveit.

Dei fleste mottaksanlegga tek imot campingvogner, Norsk Gjenvinning i Førde er eit av desse.

Artikkeltags