E39 stengt natt til laurdag – skal sette inn ny bru

STENGD: Her skal dei montere ny bru natt til laurdag.

STENGD: Her skal dei montere ny bru natt til laurdag. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

E39 vert stengt i 7 timer natt til laurdag då ei bru ved Breim skal erstattast etter flaumen sist veke.

DEL

Ei bru på E39 ved Sageflåten mellom Byrkjelo og Sandane vart skadd i Flaumen som råka bygdene Byrkjelo og Utvik førre måndag. På grunn av det må Statens vegvesen legge ned ei midlertidig bru for å sikre trygg framkomst på vegen. Det skriv vegvesenet i ei pressemelding.

Den midlertidige brua er henta med transport frå Nederland og kjem til Sandane fredag kveld. Ho blir montert natt til laurdag 5. August, og som følgje av dette vert E39 heilt stengt for trafikk mellom Byrkjelo og Sandane ved Sageflåten.

Dette gjeld i tidsrommet fredag 4. august kl. 23.00 til laurdag 5. august kl. 06.00.

Der er ingen lokal omkøyringsveg. Omkøyring er via fylkesveg 615 Sandane - Hyen - Storebru.

Les også: Denne brua på E39 sig, og må skiftast

Artikkeltags