19-åring tatt i 162 km/t

Artikkelen er over 2 år gammel

GLOPPEN: 19-åringen mista lappen på staden. – Bra vi får luka ut slike verstingar, seier lensmann Nils Ove Roset.

DEL

Utrykkingspolitiet hadde fartskontroll i ei 80-sone i Byrkjelo søndag kveld.

Det var skrive ut fire fartsbøter av politiet under kontrollen.

I tillegg var det to menn på 19 år som fekk kverrsett førarkorta sine, ved to ulike høve. Den eine av dei vart stogga i 162 km/t, som var den høgaste målte farten under fartskontrollen.

Lensmann Nils Ove Roset ved Gloppen lensmannskontor er klar på kva han meiner om slik køyring.

– Det er reinspikka galskap! Eit av mine hovudmoment i trafikkarbeidet, er å få tatt ut dei som verkeleg køyrer fort. Det er bra vi får luka ut slike verstingar, for slik køyring er alvorleg og livsfarleg, seier han.

Artikkeltags