Bjarne Henry vart først dømt, så frifunnen. No er han dømt på ny

DØMD: Bjarne Henry Hole (t.v) er no dømd for brot på Kulturminnelova. Her er han avbilda under ei synfaring saman med Bjørn Lødemel, og Sjur Atle Austrheim i samband med funn frå vikingtida i området for utbygging av Hole Traktor og Maskin AS i 2013.

DØMD: Bjarne Henry Hole (t.v) er no dømd for brot på Kulturminnelova. Her er han avbilda under ei synfaring saman med Bjørn Lødemel, og Sjur Atle Austrheim i samband med funn frå vikingtida i området for utbygging av Hole Traktor og Maskin AS i 2013. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

GLOPPEN: Bjarne Henry Hole var tiltalt for å ha brote kulturminnelova under gravearbeid. Etter mykje att og fram i rettsvesenet, er han no dømt – for andre gong.

DEL

Dommen vart meldt av NRK Sogn og Fjordane måndag ettermiddag.

I april i 2017 møtte Bjarne Henry Hole frå Byrkjelo i Fjordane tingrett. Hole driv Hole Traktor og Maskin på Byrkjelo og var tiltalt for å ha brote kulturminnelova ved å gjere inngrep i sikringssona til eit automatisk freda kulturminne og for å delvis ha øydelagt kulturminnet, då han grov langs veggen på verkstadbygningen på Byrkjelo.

Han vart seinare same år dømt til fengsel på vilkår og å betale ei bot på 40.000 kroner, samt sakskostnadar. Kort tid etter anka Hole dommen til lagmannsretten.

Mykje att og fram

Saka har vidare vore att og fram i rettsvesenet. Blant anna vart Hole frikjent, men påtalemakta meinte at Lagmannsretten tolka lova feil. Høgsterett avgjorde då at saka skulle opp att i Lagmannsretten.

Dømd på ny

Måndag melder altså NRK Sogn og Fjordane at Lagmannsretten har komme med sin dom. Hole no er dømt på nytt til 45 dagar fengsel på vilkår, og 40.000 i bot.

– Dommen er svært urettferdig og øydeleggjande, men eg er ikkje overraska, skriv Hole i ein e-post til NRK.

Dommen har ei prøvetid på to år.

Det er enno ikkje avklart om Hole vil anke dommen, skriv NRK.

Artikkeltags