Sykkel og bil i trafikkulykke i Gloppen – mann i 80-åra sendt til legevakt

TIL LEGEVAKT: Ein mann i 80-åra er onsdag kveld sendt til legevakt etter ein samanstøyt mellom ein bil og ein sykkel. Det var syklisten som vart sendt til legevakta.

TIL LEGEVAKT: Ein mann i 80-åra er onsdag kveld sendt til legevakt etter ein samanstøyt mellom ein bil og ein sykkel. Det var syklisten som vart sendt til legevakta. Foto:

Ein bil og ein sykkel støytte saman i Breimsvegen onsdag kveld. Syklisten er sendt til legvakt.

DEL

– Politiet er no på staden, og syklisten er sendt til legevakta for sjekk, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen ved Vest politidistrikt.

Ulykka skjedde ifølge politiet på Breimsvegen i Gloppen. Det skal ha vore låg hastigheit ved samanstøyten.

Syklisten var bevisst etter ulykka.

– Den skadde er ein mann i 80-åra, seier Samsonsen.

I skrivande stund er politiet framleis på staden og jobbar med avhøyr. Dei har førebels ikkje teke noko beslag i førarkort.

Politiet melde om ulykka onsdag klokka 18.05.

Artikkeltags