Brann i bil på Byrkjelo

TOK FYR: Denne blien byrja å brenne fredag.

TOK FYR: Denne blien byrja å brenne fredag. Foto:

Brannen er sløkt, men bilen er totalvrak.

DEL

Vest politidistrikt melder fredag at ein bil står i brann på Byrkjelo i Gloppen. Brannen vart meldt klokka 16.10.

Vaktleiar Kollbjørn Øvrebotten ved Alarmsentralen i Florø fortel til Firda at brannmannskapet no har sløkt brannen.

– Brannen er slått ned, og bilen kjølast ned no, seier han.

Han fortel at brannen vart varsla av bileigar, og at det brann livleg i bilen før brannvesenet kom til staden.

– Blien er no totalvrak, seier Øvrebotten, etter at sløkkingsarbeidet er over.

Vaktleiaren fortel at bilen som brann ned stod nært eit hus, og at det såleis var spreiingsfare i starten.

– Men ein fekk sløkt før det fekk spreidd seg, seier han.

Årsaka til brannen er ikkje kjent for brannvesenet.

Mannskap frå brannvesenet vil no halde seg på plassen til faren for oppblussing er borte.

Artikkeltags