Sende redningshelikopter etter sakna 7-åring på Storehesten

Den sakna guten skal no vere komen til rette.

DEL

Eit redningshelikopter frå Florø vart fredag sendt ut av Hovedredningssentralen i Sør Norge etter meldingar om at ein sju år gammal gut var meldt sakna på Storehesten (Kvamshesten).

Ifølgje redningsleiar Andreas Bull ved Hovedredningssentralen kom varselet klokka 16.31, og klokka 16.57 melde dei på Twitter at den sakna 7-åringen var komme til rette att.

– Han kom seg til rette og tilbake til familien på eiga hand, seier Bull til Firda.

Redningshelikopteret var då like ved Storehesten, men kunne returnere til basen i Florø.

Artikkeltags