Olav opnar kafé og butikkmuseum i 150 år gamalt lager

På laurdag er det duka for opning av kafeen i Spar-butikken i Bygstad. På det gamle lageret kan kundane ta seg ein kaffikopp og sjå på historiske gjenstandar frå 150 år med butikkdrift.