Slik unngår du vasskadar i sommar

KAN BLI DYRT: Sjansane for å komme heim til ein vasskade etter ferien er atskilleg større enn for at det har vore innbrot i bustaden, skriv SINTEF Byggforsk.

KAN BLI DYRT: Sjansane for å komme heim til ein vasskade etter ferien er atskilleg større enn for at det har vore innbrot i bustaden, skriv SINTEF Byggforsk. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

BUSTAD: I sommar forventast det rundt 20.000 vasskadar i norske bustader. Nokre enkle grep kan spare deg for store utgifter, opplyser SINTEF Byggforsk.

DEL

– Vasskadar som oppstår i ferien er ofte omfattande og dermed kostbare, sidan vatnet får fløyme fritt i dagevis før skaden blir oppdaga. Men viss du stenger hovudstoppekrana før du reiser, kan du vere rimeleg trygg, seier forskingsleiar Lars-Erik Fiskum ved SINTEF Byggforsk, ifølge ei pressemelding.

I sommarmånadane juni, juli og august forventast det rundt 20.000 vasskadar i norske bustader, til ein kostnad av opp mot ein milliard kroner. Som regel skuldast skadane lekkasjar frå vassrøyr, skriv SINTEF Byggforsk.

Lekkasjestoppar

Ein god måte å sikre seg på, er å få montert ein lekkasjestoppar i bustaden. Lekkasjestopparar registrerer lekkasje og stenger vasstilførselen til skadestaden. Dei hindrar ikkje lekkasjar i å oppstå, men dei kan effektivt redusere vassmengda ved ein lekkasje og dermed avgrense følgeskadane, skriv dei.

– Rundt 30 prosent av alle vasskadar kunne vore unngått dersom lekkasjestoppar var montert i alle kjøkken, bad, vaskerom og toalettrom, seier Fiskum ifølge pressemeldinga.

Sluket bør reinsast årleg

Sluket bør reinsast minst ein gong i året, og det er lurt å gjere dette før du overlèt bustaden til seg sjølv for ein lengre periode. Når sluket ikkje reinsast jamleg, fyllast det gradvis opp med hår, smuss og feitt. I periodar utan vasstilførsel, som det vil vere i tomme feriehus, er sjansen stor for at denne materien stivnar og tettar utløpet, skriv dei.

– Viss du ikkje har reinsa sluket på førehand, kan første dusj etter ferien føre til vatn utover badegolvet på grunn av redusert avrenning. Dette gir økt risiko for fuktinntrenging i golvkonstruksjonen, noko som kan bli kostbart, seier Fiskum.

Artikkeltags