Vegvesenet varslar beltekontroll i buss over heile Vestlandet

KONTROLL: Frå torsdag er det storkontroll på beltebruk på buss.

KONTROLL: Frå torsdag er det storkontroll på beltebruk på buss. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

TRAFIKK: – Om du sit utan belte og det skjer ei ulykke, kan det få store konsekvensar for deg og andre.

DEL

Det seier Anne Margrethe Bøe, kampanjeansvarleg i Statens vegvesen region vest.

Frå torsdag 15. mars blir det endå fleire kontrollar av beltebruk i buss. I fjor kontrollerte vegvesenet 18.782 passasjerar. 705 sat utan belte.

Trur buss er ei frisone

– Vi trur det er store mørketal. Mange ser på buss som ei frisone, men heilt sidan vi starta med kontrollar, ser vi at fleire har begynt å bruke belte, og det er bra, seier Bøe.

Folk oppgir at den største hovudårsaka til at dei ikkje brukar belte, er fordi dei gløymer det, fortel Bøe.

Men det kan koste deg dyrt. For om du syndar og kjem i kontroll, må du rekne med eit gebyr på 1500 kroner.

– Gebyret er ikkje viktig for oss, men vi ser at det er eit bra verkemiddel, seier Bøe.

Liv kunne vore spart

Mellom 2014 og 2016 vart ni menneske drepne i bussulukker. Dei mest alvorlege bussulykkene i Norge har vore i bussar med belte, men mange har valt å ikkje bruke dei.

– Fleire av dei som har mista livet i bussulukker dei siste åra kunne overlevd om dei hadde brukt belte, seier Bøe.

– Vekta di og farten bussen køyrer i er med å avgjere kor tung du blir i krasj. Buss er i ei særstilling – om du ikkje brukar bilde kan du vere til skade for andre enn deg sjølv, legg ho til.

Artikkeltags