Endring for bruk av Kringom-kort på Vy-bussar
Frå 1. september kan du ikkje lenger bruke Kringom-verdikort på bussar køyrde av Vy (tidlegare Nettbuss) i Sogn og Fjordane. Du kan heller ikkje fylle på ungdomskort eller periodekort.
Det melde Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding tysdag.
Årsaka til endringa er at Vy har teke i bruk nye billettmaskiner.
Du kan framleis nytte gyldig ungdomskort og periodekort når du reiser med Vy internt i Sogn og Fjordane. Men nye periodar for desse korta må du kjøpe på Kringom-bussane, lokal- og ekspressbåtar, samt kontora til ruteselskapa.