Då kafeen utvida lokala kunne bygda endeleg få peparkakeby

NY TRADISJON? Dette er første året det blir laga til peparkakeby på Havsalaten på Nikøy.

NY TRADISJON? Dette er første året det blir laga til peparkakeby på Havsalaten på Nikøy. Foto:

ASKVOLL: Då slo bygdefolket seg laus. Dei laga alt frå lokale fiskemottak, båtar, bustadhus... og fregatten «Helge Ingstad». Sjå bildeserie frå opninga.

DEL

Laurdag opna «Norges vestlegaste pepparkakeby» på Nikøy på Bulandet.

I lokala til «Havsalaten» fekk alle som hadde baka plassere bakverka sine, og ifølgje Daniel Fedøy, som er ein av eigarane av Havsalaten, vart det levert litt av kvart. Og det meste av bakverka var basert på andre lokale byggverk.

– Det vart laga fiskemottaket, utkikkspunktet på Gjørøykletten, og kunstverket «Ro» av Geir Hjetland, seier Fedøy.

Han fortel at også den lokale båten Hillersøy, som mellom anna er blant dei få som har fått drive størjefiske, var laga i peparkakeform.

– Det var også mange privathus som var svært godt utført, seier Fedøy.

I tillegg kunne ein blant byggverka sjå den ikkje fullt så lokale fregatten KNM «Helge Ingstad».

– Ja, den kom seg ikkje unna her heller, seier Fedøy og ler.

Utvida lokalet

Dette er første året dei opnar for å ha ein peparkakeby på Nikøy på Bulandet. Det har ikkje stått på viljen, men først når Havsalaten utvida arealet sitt i sommar, fekk dei plass til å realisere det.

Og folket, dei dukka opp.

– Bulendingane er for nysgjerrige til å sitte heime når det skjer noko. Dei har også vore veldig flinke å bake, så dette har vore veldig kjekt, seier Fedøy.

Hans inntrykk er at folk gjerne ønskjer seg dette som ein tradisjon, og for deira eigen del er dei svært gira på å få dette til.

– Ivertfall om folk er så ivrige som dette for å hjelpe til.

Har fått frivillige til å knuse

No skal peparkakebyen bli ståande ut året. Då skal den som alle peparkakebakverk til pynt, knusast.

– Du får litt av ein jobb, då?

– Vi har faktisk ikkje tenkt på kva vi skal gjere då, men eg har allereie fått nokon som har meldt seg frivillige til å ta den «jobben», seier Fedøy og ler.

Artikkeltags