Vindturbinar kuttar tv-signal. NVE krev at kraftselskapet ordnar opp fort

Av

Vindturbinar har truleg skulda for at innbyggjarane i Berle i Bremanger har mista TV-signala. NVE gir vindkraftselskapet tre veker på å ordne opp.

DEL

Dersom feilen ikkje blir retta, kan det bli aktuelt å stanse vindturbinane, skriv Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i eit brev sendt til vindkraftselskapet Falck Renewables Wind, ifølgje NRK.

Vindparken på Hennøyfjellet i Nordfjord starta drifta i desember, og forstyrringane på TV-sendingane i bygda byrja samtidig.

NVE sende brevet førre veke. Dei viser til målingar der det kjem fram at Hennøy vindkraftverk forstyrrar TV-mottak i Berle og Sørgulen. Vindkraftselskapet må innan 20. februar leggje fram ein plan for korleis dei skal løyse problema.

– Falck Renewables vil innfri krava i konsesjonen, og det inkluderer kravet i denne saka. Vi har vore i kontakt med både NVE og Norges Televisjon og forsikra dei om at vi tar dette på alvor, skriv sjef Scott Gilbert i Falck Renewables Vind i ein e-post til NRK.

Artikkeltags