Politiet ber eigaren til denne båten sikre den godt

ETTERLYSE EIGAR: Politiet ber eigar av denne båten sjekke om den er sikra godt nok før stormen som kjem i kveld.

ETTERLYSE EIGAR: Politiet ber eigar av denne båten sjekke om den er sikra godt nok før stormen som kjem i kveld. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

BREMANGER: Ytst på den kommunale kaia i Svelgen ligg denne seglbåten. Det er varsla storm med vindkast opp mot orkanstyrke utover kvelden.

DEL

– Vi har fått ei bekymringsmelding om at ein seglbåt ligg litt utsett til før stormen. Det ser ikkje ut til å vere godt nok sikra, sa Espen Gulliksen i politiet i Bremanger rundt klokka 13.

Politiet la ut bilde på Facebook der dei etterlyste eigaren. På Facebook har dei eit lokalt publikum som følger dei, og håpar nokon har svar.

– Der er betre at vi finn ut kven det er før stormen, enn at vi må hente den opp seinare, seier politiet i Bremanger til Firda.

Rundt klokka 14.30 melder politiet at eigaren er oppspora, og vil sikre båten betre før stormen kjem.

Politiet trur den båten har lege der i eit par dagar. Båten ligg ved den kommunale kaia, der alle legg båtane sine på eige ansvar.

Gulliksen oppfordrar alle båteigarar til å sjekke at båten er godt nok sikra når det er venta dårleg vêr.

ÅLEINE: Her ligg ein seglbåt heilt åleine ytst på den kommunale kaia i Svelgen.

ÅLEINE: Her ligg ein seglbåt heilt åleine ytst på den kommunale kaia i Svelgen. Foto:

Artikkeltags