Trafikkulykke i Bremanger: Vegen er opna for personbilar

BRAMANGER: Det er ikkje mogleg for større køyretøy å passere ved Geitebrua i Bremanger.

DEL

To bilar er involvert i ei trafikkulykke på Geitebrua i Bremanger onsdag ettermiddag. Det melde Vest politidistrikt klokka 14.43.

– Det er to bilar som har treft kvarandre. Etter det eg har fått opplyst har dei treft kvarandre i sida. Airbag er utløyst, men det verkar ikkje som om det er snakk om personskade, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

– Trafikken står på staden, seier Magnussen.

Klokka 16.00 melder politiet at det går an å passere Geitebrua med personbil. Større køyretøy kjem ikkje forbi før bilbergar har vore på staden.

Artikkeltags