Stod fast på glatta ved Magnhildskaret

Ein trailer står fast på veg opp mot Magnhildskartunnelen på fylkesveg 614 onsdag føremiddag.

Ein trailer står fast på veg opp mot Magnhildskartunnelen på fylkesveg 614 onsdag føremiddag. Foto:

Trailer kom seg ikkje opp fylkesveg 614.

DEL

– Det er eit par bilar som lagar krøll for augneblinken. Dei kjem seg ikkje vidare og sperrar vegen, seier Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen.

Entreprenør vart sendt til Magnhildskarvegen i Grytadalen på fv. 614 for å bistå traileren og lastebilen som står fast.

Først fekk Vegtrafikksentralen melding om at mange bilar stod i kø på begge sider, men det vart etterkvart mogleg å køyre forbi.

Klokka 14.00 er vegen meldt open for fri ferdsel.

Artikkeltags