Polsk semitrailer har køyrd utfor i Bremanger

BREMANGER: Semitraileren har køyrd utfor på fylkesveg 614.

DEL

– Vi er på veg ut dit no, men det vil ta litt tid, seier Per Algrøy, operasjonsleiar hos Vest politidistrikt.

Det er ved Myklebustsætra i Bremanger at eit vogntog skal ha køyrt utfor. Ifølge Algrøy er traileren frå Polen og har køyrd utan kjetting.

– Det er ikkje meld om noko personskade, fortel han.

Vognetoget skal ha ei helling på 45 grader.

– Den ligg truleg i grøfta, seier Algrøy som legg til at vegen er open.

Klokka 16.45 melder politiet at bilbergar er bestilt, men at den ikkje er komen fram. Ein politipatrulje har vore på staden og sjekka førar. Det skal ikkje vere snakk om ruspåverknad.

– Det er frykteleg glatt på staden, opplyser Algrøy.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags