Lastebilsjåfør ville ikkje ha hjelp av bilbergar – politiet gav han køyreforbod

Dette polske vogntoget stod fast frå klokka 15.00 til 20.30 i måndag kveld.

Dette polske vogntoget stod fast frå klokka 15.00 til 20.30 i måndag kveld. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

BREMANGER: Får ikkje køyre vidare før han kan dokumentere at bilen er skodd for vinterføre.

DEL

– Han meinte at han kunne kome seg vidare på eiga hand, fortel Espen Gulliksen, lensmann i Bremanger.

Politiet fekk klokka 17.33 måndag melding om eit utanlandsk vogntog stod fast på fv. 614 mellom Svelgen og Isane. Vogntoget hadde då stått og spunne i ein bakke sidan klokka 15.00.

Sjåføren ville ikkje ha hjelp av bilbergar, men i 18-tida hadde politiet fått nok og rykte ut. Klokka 20.30 vart bilen frakta til Svelgen, førar fekk køyreforbod og førarkortet vart mellombels kverrsett.

Kva som er årsaka til at sjåføren nekta å ta imot hjelp kan ha med økonomi å gjere, fortel Gulliksen.

– Vi opplever ofte at utanlandske vogntong prøver å klare seg sjølv så lenge som mogleg. Årsaka er ofte økonomisk relatert, fordi dei sjølv må betale for berging. Dette skapar då litt kaos.

Sjåføren hadde med seg kjettingar, men berre ein av dei var godkjent til bruk.

No står vogntoget i Svelgen og blir ståande der til sjåføren kan bevise at han er skodd for norske vintervegar og at bilbergingsselskapet har fått sine pengar.

– Når dette er i orden kan han få køyre vidare, seier Gulliksen.

Artikkeltags