Ein bil krasja på glatta- mann kom uskadd frå hendinga

DEL

Ein mann i slutten av 20- åra kom uskadd frå ei trafikkulykke torsdag morgon på fv. 614 i Bremanger.

Ulykka skjedde i Risesvingen i Svelgen. Ein person og ein bil var involvert i ulykka.

– Sjåføren skal ha køyrd i låg fart, men det var veldig glatt på staden og vedkommande skal ha køyrt av vegen. Bilen skal vere ganske skadd, opplyste operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt til Firda torsdag morgon.

Politiet fekk meldinga 07.42 torsdag morgon, og sjåføren klaga då over smerter i ryggen.

– Korkje AMK eller politiet har kome fram til staden enno, seier Algrøy til Firda like etter klokka 08.00.

Etter at politiet kom fram til staden, har mannen blåst i alkometer. Alt er i orden, opplyser Algrøy, men det blir oppretta sak.

Mannen har vore til legesjekk, og han står fram som uskadd.

Artikkeltags