Fire trailerar står fast i Bremanger

BREMANGER: Ved Oldeidsbakkane på fv. 616 står det fire trailerar bom fast på glatta.

DEL

– Dei kjem seg verken opp eller ned, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Eivind Hellesund.

Han opplyser at politiet er på staden og at bilbergar er på veg. Vegen er også stengd.

– Det er meldt om språkproblem, så eg reknar med det er snakk om utanlandske trailerar, seier han.

Klokka 20.00 kom brøytebil og bergingsbil på plassen, men det er framleis litt kaos der, seier Hellesund like før klokka 21.00.

Seinast i går var det ein varebil som landa på taket og ein trailer som køyrde seg fast på same stad.

Også i Isane er det eit vogntog som ikkje kjem seg av flekken tysdag kveld.

– Det står ein utanlandsk trailer som har køyrt seg fast ved Isane mot Svelgen, seier Hellesund.

Der er det moglegheit for å passere og bilbergar er varsla.

Trafikkoperatør Jan Erikstad i Statens vegvesen fortel også at ein trailer køyrde seg fast på fv. 606 i Solund tidlegare på dagen.

– Det har snødd ein del i ytre strok i dag. Spesielt i Nordfjord har vi fått meldingar om glatt vegbane, men det har så langt ikkje skapt problem, seier Erikstad.

Artikkeltags